|
|
FolkedraktPå fagspråket skil ein mellom nemningane bunad og folkedrakt. Med folkedrakt meinast ein særprega, stadbunden draktskikk, som skil seg frå andre bygder, og frå den samtidige bymoten. Ein slik draktskikk hadde i seg alle graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede, og var nøye styrt av innarbeidde normer for korleis plagga skulle kles på og brukast, og kva plagg ein brukte til kva for anledning. Desse normene var ein vital og avgjerande del av sjølve tradisjonen. Folkedrakta var med andre ord brukarens vanlige klede, til alle anledningar. Innanfor ein tradisjonell draktskikk var det likevel rom for variasjon: ”Det gjaldt å ha noko som ikkje alle andre hadde”. Dei store politiske, økonomiske og sosiale omveltingane på 1800-talet endra det tradisjonsrike bondesamfunnet og dermed dei lokalt særprega draktskikkane. Fabrikkvove stoff, moteblad, mønsterark og symaskiner vart tilgjengjelege varer, og endra måten folk levde og kledde seg på. Levekåra endra seg i by og bygd, og smått om senn blei folkedraktene avløyste av motepåvirka klede over heile landet. Dette hende i svært ulikt tempo i dei ulike delane av landet.
|
Kalender Visste du at: Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her Siste nytt |