Hjem
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Bunad

Ein bunad er ei moderne fest- og høgtidsdrakt som har sitt opphav og føresetnad i ein tradisjonell draktskikk.
Medan folkedraktene i dag har gått ut av bruk, er bunaden ein levande del av vår moderne draktskikk. Vi brukar han på 17.mai, i bryllaup og konfirmasjonar.

Dei ulike bunadene byggjer i varierande grad på folkedraktmateriale. Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har:

1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling.
Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etterkvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.

2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Til tross for at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange korleis den hadde vore i store drag. Til dels laga ein nye plagg etter dette og til dels brukte ein gamle plagg.

3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype.
Desse bunadane er rekonstruert frå ei folkedrakt etter at denne var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, t.d. skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.

4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.

5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte.
Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her

Siste nytt

24. augBunad- og folkedraktrådet har besøk av fotograf Laila Duran
24. augFeltarbeid på Sunnmøre i veke 35
9. augPublisert artikkel i Personae
9. junDet nasjonale registeret over handverkarar
18. maiDrakt og samfunn 2010 - 2011
26. aprOfte stilte spørsmål
23. marLansering av Valdressjal