|
|
Ofte stilte spørsmålHer har vi samla nokre av dei spørsmåla vi får frå publikum. Vi legg ut fleire spørsmål etter kvart. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på her, kan du gjerne kontakte oss. Klikk her for råd om stell av bunader og skjorter.
Kva slags bunad skal eg velje? Vi råder deg til å setje deg godt inn i kva bunader som finns i dei områda du føler tilknyting til. Dette kan vere det området du er oppvaksen i, eller plassar du har slektningar frå. Du kan også velje bunad frå den staden du har flytta til. Det er ikkje forbode å velje noko anna, men du må vere forberedt på at folk forventar at du har tilknyting til den plassen bunaden din er frå. Der eg kjem frå, er det fleire bunader i bruk. Kva for ein er den mest riktige? Nokre bunader frå same område byggjer på ulikt draktmateriale, og ser derfor ikkje like ut. I tillegg har dei ulike bunadsprodusentane ofte helt seg i varierande grad til den gamle folkedraktskikken i området. Nokre bunader ligger svært nær det gamle draktmaterialet, medan nokre har kan hende latt seg inspirere av andre objekt også, til dømes lokal flora eller ei rosemalt kiste. Kva som er riktig for deg, kjem an på om du er oppteken av å ha ein bunad som ser ut som folkedraktene, om du vil ha ein som har vore i bruk i lang tid eller om du vil ha den som er mest vanleg. Svaret er opp til den enkelte, her finns det ingen fasit. Finns det godkjende bunader? Nei, det finns ingen godkjenningsordning for bunader. Ein må imidlertid vere oppmerksam på at dei som har utarbeida bunaden kan ha opphavsrett til den, og at produksjon utan denne sin løyve vert anset som piratkopiering. Det mange tenkjer på når ein seier "godkjend", er bunader som er utarbeidd av lokale bunadnemnder eller i samarbeid med Bunad- og folkedraktrådet. Ein lagar då ein bunad etter organisasjonen / institusjonen sine kriteria. Må eg bruke hovudplagg? Dei fleste bunader har hovudplagg, og bunaden er komplett fyrst med dette på. Før i tida hadde alle gifte kvinner hovudplagg. Dei ugifte jentene hadde gjerne et eige hovudplagg eller fletta og oppsett hår. Skal eg bruke hovudplagg for gift eller ugift når eg er sambuar? Det er ikkje noko i vegen for at du kan bruke hovudplagg for gift om du ønskjer det. Dette gjeld også andre draktdelar for gifte som somme bunader har. Kan eg bruke sylv som ikkje høyrer til bunaden? Viss du har arva sylv, kan du gjerne bruke dette. Elles anbefaler vi at du bruker sylv som er utforma til bunaden. Kva slags strømper skal eg bruke? Vi tilrår knestrømper eller strømpebukse i ull eller bomull. Dei ulike bunadene har strømper i ulike fargar. Kva som høyrer til din bunad kan du få informasjon om hjå ditt lokale husflidsutsal eller bunadnemd. Skal ein ha på seg trøye og hovudplagg inne? Trøya bør vere på, spesielt i formelle høve, som til dømes kyrkjebruk. Menn skal etter tradisjonen ta av seg hovudplagget inne, medan kvinnene beheld det på. Kva sko skal eg bruke til bunaden? Vi anbefaler bunadsko, t.d. Klaveness. Enkle svarte sko eller sko / støvlettar med snøring kan også brukast. Eg vil bli bunadtilvirkar, korleis blir ein det?
Med reforma Kompetanseløftet har det kome ny læreplan i bunadtilverkarfaget, og kursrekkja som kalles Bunadopplæringa er bygd opp ikring denne læreplanen. Kursrekkja kan inngå som ein del av grunnlaget for å gå opp til svenneprøve, deltakarar må i så fall melde seg opp som praksiskandidat/privatist i bunadtilverkarfaget. Det er fylkeskommunen som har ansvar for fagopplæringa i fylket, ta derfor kontakt med dei. Praksiskandidat Vurdering av praksis Vi legg vekt på at deltakarane dokumenterer den kunnskapen dei får på kursa gjennom ei dokumentasjonsmappe. Denne skal syne kva ein har arbeidd med på kursa. Det er deltakarane som sjølve er ansvarlege for dette. Somme opplever det som vanskeleg å finne fram i utdanningssystemet. Dersom du har forsøkt framgangsmåten som er beskrivi ovanfor, utan å lykkast, så kan du ta kontakt med Bunad- og folkedraktrådet eller Folkekulturforbundet. Saman kan vi hjelpe deg vidare på vegen mot å bli bunadtilverkar.
|
Kalender Visste du at: Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her Siste nytt |