Bunad- og folkedraktrådet er eit nasjonalt kompetansesenter som driv med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad. Vårt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.
Institusjonen omfattar eit fagråd oppnemnd av Kultur- og kyrkjedepartementet og seksjonen Bunad- og folkedraktrådet ved Valdresmusea AS.
Siste nytt
tirsdag 24.08.10
I desse dagar har Bunad- og folkedraktrådet besøk av fotograf Laila Duran fra Duran textiles i Sverige. Ho er i Noreg for å fotografere norske bunader, som i sin tur kjem ut i ei ny bok saman med svenske drakter. Boka kjem ut i mars neste år, og heiter "Scandinavian folklore".
les mer »
I veke 35 har BFR feltarbeid på Sunnmøre. Turen går til Ørskog, Stordalen, Sykkylven og Hellesylt.
Husflidslag, ungdomslag, bygdekvinnelag, sogelag og andre som har interesse for bunad oppmodast til å ta kontakt.
les mer »Dagleg leiar i Bunad- og folkedraktrådet, Anne Kristin Moe har skreve ein artikkel som no er publisert i tidsskriftet Personae. Artikkelen heiter "Frå bønder til byfolk".
les mer »Er du bunadtilvirkar eller bunadsømmerske? Da kan det vere at du burde stå oppført på Norsk Håndverksutvikling si liste over handverkarar i dei små og verneverdige faga. NHU arbeider med vern, vidareføring og utvikling av handverk som kunnskap, uttrykksform og yrke. NHU skal oppretthalde og styrke fag som reknes som små og verneverdige.
les mer »Vi er no i gang med å planlegge Drakt og samfunn 1 og 2. Studia er organisert i samarbeid med Høgskolen i Oslo, og ein av tre samlingar vil bli lagt til Oslo, dei to andre på Fagernes hos Bunad- og folkedraktrådet.
les mer »Vi har samla ei liste med dei mest vanlege spørsmåla om bunad og bunadsbruk.
les mer »Laurdag 20.mars var det lansering av eit nytt Valdressjal på Valdres Folkemuseum på Fagernes.
les mer »