Hjem
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Bunad- og folkedraktrådet

Bunad- og folkedraktrådet er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad. Institusjonen omfattar eit fagråd oppnemnt av Kultur- og kyrkjedepartementet og ein seksjon ved Valdresmusea AS.

Vårt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.

På grunnlag av feltarbeid frå heile landet har vi bygd opp eit omfattande arkiv beståande av draktregistreringar, foto, snittmønster og skisser, samt nedteikningar av tradisjonsmateriale frå ulike distrikt.

Saman med ulike samarbeidspartar tilbyr vi universitetsemna Drakt og samfunn 1 og 2, den praktiske utdanninga innan bunadtilvirkerfaget Bunadopplæringa og tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken. Etter avtale kan besøkande få omvisning i vår bunadutstilling og besøke arkivet.

Bunadbrukarar og bunadprodusentar kan få råd hjå oss om bunadbruk og påkledning, teknikkar og tilpassing. Rådgjevingsarbeidet kan også vere knytt til rekonstruksjon eller revisjon av bunader.
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her

Siste nytt

24. augBunad- og folkedraktrådet har besøk av fotograf Laila Duran
24. augFeltarbeid på Sunnmøre i veke 35
9. augPublisert artikkel i Personae
9. junDet nasjonale registeret over handverkarar
18. maiDrakt og samfunn 2010 - 2011
26. aprOfte stilte spørsmål
23. marLansering av Valdressjal