Hjem
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Ledig stilling

Publisert onsdag 27.01.10 av

Ledig stilling som Registrator, 100 % engasjement i 2010, delt mellom Valdresmusea og Bunad- og folkedraktrådet.

Registrator / Administrasjonssekretær
Valdresmusea og Bunad- og folkedraktrådet

Valdresmusea er regionmuseum i Valdres med fire avdelingar, har 23 fast tilsette og ca. 40 000 besøkande. Museet driv mellom anna Bunad- og folkedraktrådet (BFR), som er eit nasjonalt kompetansesenter som driv med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad.

Ledig stilling som Registrator, 100 % engasjement i 2010, delt mellom museet og Bunad- og folkedraktrådet.
Registratoren vil få ansvar for omlegging av tekstilsamlinga til museet i samband med nye magasin med registrering og magasinering som hovudoppgåver.

Registratoren vil få sekretærfunksjon ved BFR. I tillegg til administrative oppgåver her, vil hovudoppgåvene vere knytt til digitalisering av BFR sine samlingar. Arbeidet omfattar også å vere med på draktregistrering ulike stadar i landet.

Vi ynskjer ein person med praktisk/ teoretisk utdanning med god kjennskap til IKT, relevant programvare (Primus) og interesse for drakt/tekstil.
Mogelegheit for fast tilsettjing ved BFR.

Vi legg særskilt vekt på evne til samarbeid og positiv innsatsvilje. Valdresmusea er medlem i KLP og HSH. Send søknad med cv og vedlegg til Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes innan 10. februar. Vi ynskjer tilsetting så snart som råd.


Sjå heimesidene www.valdresmusea.no  og www.bunadraadet.no  for meir info, eller ta kontakt med direktør Torveig Dahl, tlf. 92 61 28 30/ torveig.dahl@valdres.museum.no eller
seksjonsleiar i BFR Anne Kristin Moe, tlf. 95 14 18 94/ anne.kristin.moe@bunadraadet.no

 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her

Siste nytt

24. augBunad- og folkedraktrådet har besøk av fotograf Laila Duran
24. augFeltarbeid på Sunnmøre i veke 35
9. augPublisert artikkel i Personae
9. junDet nasjonale registeret over handverkarar
18. maiDrakt og samfunn 2010 - 2011
26. aprOfte stilte spørsmål
23. marLansering av Valdressjal