Hjem
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Formidling

Bunad- og folkedraktrådet skal formidle informasjon og stille innsamla materiale til rådigheit for dei som arbeider med draktspørsmål.

Ein viktig del av formidlingsarbeidet består i å behandle henvendingar både frå enkeltpersonar og frå ulike institusjonar og organisasjonar. Spørsmåla kan f.eks. dreie seg om bunadhistorie, bunadbruk, eller material- og mønsterbruk. Andre ønskjer rådgjeving knytt til rekonstruksjon på bakgrunn av lokale folkedrakttradisjonar.

I Bunad- og folkedraktrådet sine lokalar finn du både arkiv og bibliotek, og vi tek i mot besøk av enkeltpersonar og mindre grupper i dokumentasjonssenteret.

Valdres Folkemuseum (i same bygning som BFR har lokalar) kan du sjå vår bunadutstilling. Den viser drakter frå mange ulike områder i landet, og fortel om viktige trekk ved både bunadane og folkedraktene. Vi arrangerar omvisingar i bunadutstillinga for turistar og andre interesserte.

Gjennom Bunad- og folkedraktrådet kan du ta universitetsfaga Drakt og samfunn 1 og 2, og den vidaregåande utdanninga Bunadopplæringa, i samarbeid med fleire andre institusjonar.

Gjennom Den kulturelle skulesekken tilbyr vi fleire undervisningsopplegg på grunnskulenivå i samarbeid med Valdresmusea.

For spørsmål, ta kontakt med formidlingsansvarleg Camilla Rudrud.

 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her

Siste nytt

24. augBunad- og folkedraktrådet har besøk av fotograf Laila Duran
24. augFeltarbeid på Sunnmøre i veke 35
9. augPublisert artikkel i Personae
9. junDet nasjonale registeret over handverkarar
18. maiDrakt og samfunn 2010 - 2011
26. aprOfte stilte spørsmål
23. marLansering av Valdressjal