|
|
ForskingBunad- og folkedraktrådet har sidan opprettinga i 1947 gjort omfattande undersøkingar i den folkelige draktskikken i Noreg. På grunnlag av dette har Bunad- og folkedraktrådet gjeve ut fleire rapportar. Klikk her for publikasjonar. Seksjonsleiar Anne Kristin Moe held for tida på med eit prosjekt om dei fyrste bunadane, som byggjer på funn av broderte drakter frå Sunnmøre frå 1870-talet. Fyrste del av arbeidet er publisert i Årbok for Sunnmøre 2009 og neste del er p.t. under arbeid. Kvart fjerde år arrangerast det Nordisk draktseminar. I 2009 var seminaret i Bollnäs i Sverige. Her held draktforskarar frå heile Norden foredrag og innlegg under temaet "Särart och likformighet. Folklig dräktkultur med ock utan lokal särprägel". Camilla Rudrud, formidlingsanvarleg ved Bunad- og folkedraktrådet, held foredrag om folkeleg mote og folkedrakt i Gudbrandsdalen. Anne Kristin Moe held eit innlegg. I etterkant av seminaret blir det utgjeven ein rapport med artiklar av foredragshaldarane. Bunad- og folkedraktrådet driv universitetsfaget Drakt og samfunn saman med HiO, avdeling for Estetiske fag. Faget søkjer å auke den analytiske kunnskapen om drakttradisjonar i Noreg, og er eit særemne innan den kulturhistoriske og kulturteoretiske fagkrinsen. Med faget tek ein sikte på å leggje grunnlag for draktkunnskap som eigen disiplin, og å gje kompetanse i arbeidet med drakt som ein del av den folkelege kulturarven. Valdresmusea, ved Bunad- og folkedraktrådet, tok i desember 2008 initiativ til Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil. Nettverket har som mål å skape nye møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking, samt å utvikle samarbeid og god ressursutnytting. Nettverket hadde si andre samling i november 2009, og vil møtes neste gang i september 2010 i Rauland. |
Kalender Visste du at: Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her Siste nytt |