Hjem
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
tel: 61 36 62 50
Norsk Bunadleksikon

Dokumentasjon

Bunad- og folkedraktrådet skal bygge opp og forvalte arkiv med draktregistreringar og anna dokumentasjon knytt til folkedrakt og bunad.
På grunnlag av feltarbeid som har vore gjort i mange tiår og som stadig pågår, har vi bygd opp eit omfattande arkiv.

Draktregistreringane utgjer den største delen av arkivet. Ein del av det registrerte materialet er i museumseige, men størstedelen er i privat eige. Draktforsking i internasjonal samanheng har stort sett vore basert på museumstilfang, så eit slikt arkiv er unikt for Noreg.

Arkivet vårt omfattar også fotoarkiv, kjeldearkiv, stoffprøvearkiv, tekstilarkiv, saumforklaringsarkiv, arkiv etter privatpersonar og korrespondansearkiv. Vi har også ei stor samling av modellbunader. Folkedrakttradisjonane står i fokus i dokumentasjonsarbeidet, men det er også viktig for oss å dokumentere bunadhistoria.
Alt materialet er samla i vårt dokumentasjonssenter. Bruk av samlingane er gratis. Ønskjer du kopi av noko, kan det fåast mot vederlag (sjå prisliste). Vi inngår då ein skrifteleg avtale om bruk av materialet. Hovudregelen er at alt materiale er tilgjengeleg for publikum, men etter avtale med eigar kan enkelte ting klausulerast. Pr. d.d. held vi på å digitalisere samlingane, slik at dei skal bli lettare tilgjengeleg for deg som brukar.
Bunad- og folkedraktrådet tek også i mot materiale frå andre. Om du ønskjer å gje/oppbevare noko hjå Bunad- og folkedraktrådet, ta kontakt med seksjonsleiar Anne Kristin Moe. 
 

Kalender

Sjå heile kalenderen »

Visste du at:

Bunad- og folkedraktrådet har butikk? I museums-butikken på Valdres Folkemuseum har vi ei rekkje bøker og artiklar om bunad og folkedrakt for sal. Dette gjeld både nye og eldre utgjevingar.Liste over tilgjengelig litteratur finn du her

Siste nytt

24. augBunad- og folkedraktrådet har besøk av fotograf Laila Duran
24. augFeltarbeid på Sunnmøre i veke 35
9. augPublisert artikkel i Personae
9. junDet nasjonale registeret over handverkarar
18. maiDrakt og samfunn 2010 - 2011
26. aprOfte stilte spørsmål
23. marLansering av Valdressjal