Norsk institutt for bunad og folkedrakt er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad. Vårt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane. Verksemda er organisert ved Valdresmusea og ligg i Fagernes. Det statleg oppnemde Bunad- og folkedraktrådet er fagråd for instituttet.
Siste nytt
30.01.12
NBF har fått midlar til utvikling og gjennomføring av kursrekkjer i drakt- og tekstilkunnskap, samt opplæring i registrering av klede i Primus til museumstilsette i Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil.
les mer »20. desember vart Stian Johan Roland tilsett som ny dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Han vil tiltre stillinga i løpet av mars.
les mer »27.10.11
I veke 44 drar Norsk institutt for bunad og folkedrakt sine fagkonsulentar på feltarbeid til Lofoten i Nordland.
les mer » I veke 41 drar NBF på feltarbeid til Rendalen i Østerdalen, for å registrere plagg i privat eige. Har du gamle plagg heime, som du trur er eldre enn 1900, ta dei med, så blir dei registert og fotografert. Plagga kjem då inn i vårt nasjonale arkiv over plagg i privat eigedom. Dette arkivet blir etter kvart publisert på www.digitaltmuseum.no, og blir i begrensa form tilgjengeleg for alle.
les mer »Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er no på Facebook med ei eiga side.
les mer »30.08.11
Vi har byrja å legge ut registreringane våre på digitalt museum. No kan du sjå folkedraktdelar som er i privat eige på nett!
les mer »13.05.11
Laurdag 7.mai vart det opna ei heilt ny utstilling på Norsk institutt for bunad og folkedrakt, med gjester frå heile landet.
les mer »12.05.11
Scandinavian Folklore er ei coffee-table-bok med flotte bilde av folkedrakter og bunader frå Noreg og Sverige. Mesteparten av dei norske bunadane er frå NBF si samling.
les mer »